nytt


NYTT

30. mai 2019


I går var vi hos veterinæren på helsesjekk, vaksiner og chipping. Eit jamnt og fint kull, skreiv veterinæren. Alt vel med dei alle, berre Balder som enno har for lite pigement i auga. Pigementering skjer i ulikt tempo hos dei ulike individa, så vi får ta tida til hjelp. Bilda frå veke sju finn du her.

23. mai 2019


Ja, så vart det varmare i været, og kvalpane er mykje ute i hagen. Sjå nye bilda og aktivitet i veke seks her.



14. mai 2019


No kan det slutte å regne og bli varmare i været! Vel - kvalpane ser ikkje ut til å vere prega av værsjukdom, dei virkar glade og fornøgde med å farte rundt i hagen, sette tennene i alt som er tilgjengeleg der eller dra i matter her inne. Fleire bilda her.



6. mai 2019


Nye bilda frå veke fire finn du her.



29. april 2019

Svisj, kor dagane går. Kvalpane veks seg store og vakre. Far Wookie har fått helse på dei, og han er så forsiktig, lell nysgjerrig på dei. Fantastisk fin fyr. Her er fleire bilda av gjengen.



20. april 2019

1. påskedag. Kvalpane er vel 14 dagar, og først i dag fekk eg med meg Buffy på ein liten tur etter at ho hadde gjort frå seg. Til no har ho vore snar ute. Meir om veke to her.


13. april 2019


Godværskvalpane har vorte ei veke. Ja, sola har

knapt gått ned sidan dei vart fødd.

Her er lenke til fleire bilda frå første veka.



11. februar 2019


Nei, å nei, så tregt det går å få oppgradert ny nettside.

No vel - her er lenke til sida om kullet til Buffy og Wookie,

så får det bli meir tekst på andre sider etter kvart;)



9. februar 2019


Laurdag 6. april kom kvalpane, tre tisper og fire hannar. Alle livskraftige og sugen på mat:)

Buffy tek ansvar og er omsorgsfull. Wookie er på ferie, og må nok vente eit par-tre veker til før han får treffe kvalpane.


28. februar 2019


Ny nettside, publisert i dag! Endeleg! Meir info kjem etter kvart. For meir historie om Kennel Kvit-Taz - sjå: www.samojedhund.org


Kvalpar

Buffy og Wookie har no fått parre seg.  Er Buffy gravid og alt går etter planen, vil ho få kvalpar ca 8-10. april. Dersom du er glad i å vere ute på tur, så ta kontakt om du vurderer å få deg ein ny turvenn.