Sjette veke

Sjette veke


Altså - det er ikkje lett å få teke klåre bilda av desse aktive kvalpane. No er det aktivitet mange timar for dag. Kvalpane er nokså jamnstore, dei utforskar med tenner, er nysgjerrige på alt dei ser. Dei grev i hagen, leikar med kvarandre og finn på aktivitetar åleine. Tennene blir testa på både søsken og grøne vekster.

No blir det færre og færre måltid å få hos mor Buffy, så dei får tørrfôr og kjøtt. Et godt heile gjengen. Buffy er i lag med dei dagen lang, leikar og held dei rein, både fram og bak. Dyktig mor.

Denne veka har dei vore på utflukt i fjæra og smakt på tang og saltvatn.

Mange gjestar har vore innom, både kjente og ukjente. Kvalpane er like tillitsfulle til alle.